Man
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Vest-nordvest 1.2 m/s 
Trykk: 1023.7
Dato: 26.08.2019
20°
Tirs
Lettskya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Vest-sørvest 1.4 m/s 
Trykk: 1023.3
Dato: 27.08.2019
22°
Ons
Regn
Nedbør: 2.7 mm
Vind: Svak vind fra Vest-sørvest 2.1 m/s 
Trykk: 1015.6
Dato: 28.08.2019
25°
Tor
Regn
Nedbør: 2.8 mm
Vind: Lett bris fra Sør 4.8 m/s 
Trykk: 1011.9
Dato: 29.08.2019
21°
Fre
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Sør 5.8 m/s 
Trykk: 1013.4
Dato: 30.08.2019
21°
Start-Siden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Norge

  
Alle nyheter

Lokal nyheter

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Gull og sølv i junior-NMNRK Sogn og Fjordane
Matias Reksten Dale (Gloppen FIL) og Steffen Melheim (Olden) heldt fram medaljefangsten under junior-NM i Sigdal i dag. Melheim vann kule med eit støt på 15,37 meter. Dale tok bronsemedaljen med eit støt på 14,58. Anund Tveitå skilde dei to, med eit støt på 15,05 meter.
2019-08-25 21:54:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde ute av NM-cupenNRK Sogn og Fjordane
Draumen om eit cupeventyr er over for Førde sine handballdamer. Sunnfjordingane leia 13-9 til pause borte mot 2. divisjonslaget Åsane, men tapte til slutt 33-30. Amanda Holmen Eriksen og Martine Vindheim vart mestscorande for Førde med ni mål kvar. Onsdag møter Florø eliteserielaget Tertnes på heimebane.
2019-08-25 17:31:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal bur seg til europacupNRK Sogn og Fjordane
Måndag kveld vil Sogndal Fotball teste flomlyset på Fosshaugane. Det melder klubben på sine Facebook-sider. Testen varer fram til midnatt og er ein del av klassifiseringa til haustens kampar i europacupen for juniorlag. Sogndal kvalifiserte seg då dei i fjor vann NM-cupen i fotball. Det er førebels uvisst kven dei møter.
2019-08-25 15:21:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sverige-interesse for FredriksenNRK Sogn og Fjordane
Sogndal-spelar Ulrik Fredriksen er i søkelyset til svenskar, skriv Sogn Avis. IFK Göteborg var på tribunen då sogndølene spelte mot Aalesund. ? Det er kjekt at eg blir lagt merke til, seier Fredriksen til avisa.
2019-08-25 14:40:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Undersøkte skyting i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Politiet rykte ut for å undersøke ei melding om mogleg skyting i Førde i natt, skriv Firda, men patruljen fann ikkje noko. Ein innringar sa at han hadde høyrt fleire smell.
2019-08-25 11:10:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny Førde-spelarNRK Sogn og Fjordane
Volleyballtalentet Elias Lødemel går til Førde, skriv Fjordingen. Honndølen kjem frå spel i klubben ToppVolley Norge.
2019-08-25 09:53:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får seks råd i den nye kommunenNRK Sogn og Fjordane
Nye Sogndal kommune får tre heilt nye råd, skriv Sogn Avis. Eldreråd, ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er obligatorisk, medan eit kulturråd, eit innvandrarråd og eit aktivitets- og friluftsråd vert nye tilskot, skriv avisa.
2019-08-25 08:21:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sølv til GloppenNRK Sogn og Fjordane
Arne Osnes Devik (til venstre i bildet) tok sølv i junior-NM i dag. Han konkurrerer i U20-klassen i slegge, og kasta 61,31 meter. Vinnarkastet var på 65,70 meter. Devik kastar for Gloppen Friidrettslag.
2019-08-24 20:55:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florø-herrane spela uavgjortNRK Sogn og Fjordane
Det enda 2?2 mellom Florø og Mjølner i 2. divisjon i fotball. Til pause stod det 2?1 til Mjølner. Florø kjempar for å unngå nedrykksstriden, og ligg berre fire poeng over sikker plass. Men dei fleste laga bak dei har ein kamp til gode.
2019-08-24 18:02:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får fiske ut pukkellaksNRK Sogn og Fjordane
Elveeigarlaget i Eid har fått løyve til å fiske ut pukkellaks med lys og harpun, skriv Fjordabladet. Pukkellaksen kan vere ein trussel for den atlantiske laksestammen og annan lokal fisk.
2019-08-24 16:45:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Viktig siger for KaupangerNRK Sogn og Fjordane
Etter 0?1 til pause snudde Kaupanger sitt damelag kampen mot Hønefoss, og vann til slutt 2?1. Dermed sikra dei seg tre viktige poeng i nedrykksstriden i 1. divisjon. Silje Torvanger (arkivbiletet) og Kristi Fondenes Vangsnes skåra Kaupanger sine mål.
2019-08-24 14:59:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje blir forseinkaNRK Sogn og Fjordane
Norled melder om kring fem minuttar forseinking i rute A på ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39. ? Ein må pårekne noko forseinking i denne ruta utover dagen grunna feil på ladestasjon i Oppedal, melder selskapet i ei pressemelding.
2019-08-24 13:12:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Amper stemning får følgjeNRK Sogn og Fjordane
Ein mindreårig gutt fekk slått ut ei tann, og vart teken med til legevakta av foreldrene sine etter ein fest i Førde i natt. Den mistenkte, som også er mindreårig, braut like etter ordre frå politiet om å halde seg vekke. Vest politidistrikt opplyser at gjerningspersonen blir meld for begge forholda.
2019-08-24 10:09:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hund går laus i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Ein hund går laus i området ved Førde rådhus, melder Vest politidistrikt på Twitter. Hunden er grå og kvit, det er mogleg snakk om ein puddel eller terrier, skriv politiet.
2019-08-23 21:46:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire merka jordskjelvNRK Sogn og Fjordane
Fleire i Eid og Gloppen melde i 20.30-tida frå om det som verka som eit jordskjelv, med kraftige ristingar. Seismolog Matilde Sørensen ved jordskjelvstasjonen til Universitet i Bergen fortel at det ser ut til at det har vore eit jordskjelv. ? Det ser ut som dette er registrert på målestasjonar frå nord til sør, seier Sørensen. Dei jobbar no med å finne ut kor kraftig skjelvet har vore. Ein NRK-tipsar fortel at skjelvet også kunne merkast i Ørsta.
2019-08-23 20:53:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir fungerande regionvegsjefNRK Sogn og Fjordane
Tone Oppedal er sett inn som fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen Region vest, opplyser Vegvesenet i ei pressemelding. Det skjer etter at Helge Eidsnes har gått over i ei stilling i Avinor. Oppedal kjem til å vere regionvegsjef fram til årsskiftet, då Statens vegvesen blir omstrukturert til divisjonar.
2019-08-23 20:16:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tel stemmer i kvar krinsNRK Sogn og Fjordane
Når stemmene skal teljast ved valet i nye Sogndal kommune vil det skje krinsvis, skriv Sogn Avis. Med det blir resultata frå dei sju krinsane Fjordane, Sagatun, Leikanger, Trudvang, Kaupanger, Fjærland og Norane blir talde opp kvar for seg, og ein kan sjå korleis dei ulike partia gjer det i krinsane.
2019-08-23 19:44:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sølv til MelheimNRK Sogn og Fjordane
Steffen Melheim frå Olden tok fylket si første medalje under junior-NM i friidrett. Melheim kasta 54,33 meter i diskos, og var med det ein meter bak sigrande Fabian Weinberg frå Kristiansands IF.
2019-08-23 19:26:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-08-23 18:49:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen er opna attNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 er no opna att, melder Vegtrafikksentralen. Tunnelen har vore stengt ein periode grunna bilberging.
2019-08-23 18:44:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan blir krinsvis oppteljing i KinnNRK Sogn og Fjordane
Det kan likevel bli krinsvis oppteljing av røystene i nye Kinn kommune under kommune- og fylkestingsvalet i haust. Valstyret har tidlegare bestemt at oppteljinga skulle vere samla. No tilrår både styreleiar og nestleiar Geir Oldeide styret å vedta ei krinsvis oppteljing.
2019-08-23 18:36:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir stengt i 45 minuttNRK Sogn og Fjordane
E16 Gudvangatunnelen er stengt grunna bilberging. Bilbergar er på veg, og Vegtrafikksentralen forventar opning innan ca. 45 minutt. Flenjatunnelen er også stengt for å unngå køar i tunnelen.
2019-08-23 18:08:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen stengtNRK Sogn og Fjordane
E16 Gudvangatunnelen i Aurland er stengt grunna bilberging, opplyser Vegtrafikksentralen.
2019-08-23 17:51:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Arbeidsrettssak midlertidig stoggaNRK Sogn og Fjordane
Arbeidsrettssaka som var varsla etter at leiaren ved Måløyraidsenteret blei sagt opp, er midlertidig stogga, skriv Fjordenes Tidende. Saka skulle etter planen ha starta i Sogn og Fjordane tingrett torsdag. Den tidlegare leiaren meiner ho har vorte oppsagt på usakleg grunnlag. Det er i samråd med det nye styret ho no har bestemt seg for midlertidig å stogge saka.
2019-08-23 16:55:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppmodar om å sjekke klatreparkarNRK Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga oppmodar kommunane om å sjekke klatreparkane sine for rote, skriv Firda Tidend. Bakgrunnen er at ein av stolpane i klatreparken på Vassenden knekte tysdag, medan fire born klatra i den. Ingen av borna vart alvorleg skadde. Rune Berge i Klatrejungel AS, som har produsert og levert klatreparken, skal synfare parken over helga. Han minner om at eigarane har eit visst ansvar for å sjekke tilstanden med visse mellomrom.
2019-08-23 16:30:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesveg i Vik opnaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 92 Arnavik i Vik er opna att, melder Vegtrafikksentralen. Vegen har vore stengt grunna steinras.
2019-08-23 15:33:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinras i VikNRK Sogn og Fjordane
Det er redusert framkomelegheit på fylkesveg 92 mellom Nese og Vikøyri, melder Statens vegvesen. Personbilar kan passere på staden.
2019-08-23 13:43:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redningsaksjon tok lang tidNRK Sogn og Fjordane
I 2,5 time låg turisten skadd før han og broren vart funnen etter fallulukka i Jølster torsdag, skriv Firda. Politiet seier at det var vanskeleg å lokalisere dei, mellom anna på grunn av språkproblem. Dei vart funne i nærleiken av Førenestunnelen.
2019-08-23 11:11:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lågare straumprisNRK Sogn og Fjordane
Etter svært høg straumpris i dei tre tidlegare kvartala er prisen no gått ned i 2. kvartal. Den gjennomsnittlege straumprisen for hushalda, utanom avgifter og nettleige, var 45,6 øre/kWh i andre kvartal 2019, ifølgje Statistisk sentralbyrå, melder NTB.
2019-08-23 10:18:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går for Hordalands-modellNRK Sogn og Fjordane
I nye Vestland vil Sogn og Fjordane kopiere Hordalandsmodellen, der vidaregåande-elevar slepp å søke seg inn for kvart skuleår. Fylkesordførarkandidat for Krf, Trude Brosvik, meiner dette gagnar elevane i dagens Sogn og Fjordane.
2019-08-23 07:45:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde utan diesellokkNRK Sogn og Fjordane
Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna lekkasje frå dieseltanken, under ein kontroll i Førde. Tanken mangla lokk slik at dieselen skvupla over under bremsing og svinging, dette kan vere trafikkfarleg for andre trafikantar og skape farlege situasjonar særleg for dei som køyrer på to hjul, MC og Mopedar.
2019-08-23 05:19:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Held fram minubåt-søk over helga NRK Sogn og Fjordane
Det vil over helga bli gjort nye miniubåt-søk etter mannen som har vore sakna i Dalsfjorden i Fjaler for fem veker sidan, skriv Sogn Avis. Det er midlar frå eit minnefond som mogleggjer søket, som skal gå over to dagar. Minnefondet har også finanisert søk med miniubåt tre dagar denne veka.
2019-08-22 21:38:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tefre nummer femNRK Sogn og Fjordane
Gjøran Tefre frå Førde blei nummer fem på 47 km klassisk fellesstart på rulleski under Toppidrettsveka. Med det kom han før mellom andre Johannes Høsflot Klæbo og Niklas Dyrhaug på resultatlista. Russiske Alexander Bolshunov vann.
2019-08-22 21:06:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-08-22 20:54:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny sjef i Florø FotballNRK Sogn og Fjordane
Kim Robert Solheim (43) er tilsett som dagleg leiar i Florø Fotball etter Harald Gjervik, skriv Firdaposten. Solheim er mangeårig restaurantdrivar, men har sjølv vore fotballspelar og har også mange år bak seg som trenar for aldersbestemte klasser i klubben, skriv avisa.
2019-08-22 19:45:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-08-22 18:55:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Engebø-plan godkjentNRK Sogn og Fjordane
Naustdal kommune har no godkjent detaljreguleringsplanen for Engebø-prosjektet. Planen omfattar bygningar og infrastruktur på prosess-, service- og gruveområdet. Ifølgje selskapet Nordic Mining er det no berre godkjenning av reguleringsplanen for vassforsyning som står att før utbygginga kan starte.
2019-08-22 18:02:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dale opnar Bjørset-SkeiNRK Sogn og Fjordane
Måndag vil samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) stå for den offisielle opninga av E39 Bjørset-Skei. Arbeidet med å ruste opp strekninga har gått føre seg sidan 2017.
2019-08-22 17:03:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny spelar til SogndalNRK Sogn og Fjordane
Spissen Kristoffer Hoven er klar for Sogndal Fotball. Det melder klubben på sine eigne sider. Hoven kjem frå eit opphald i eliteserien Kristiansund Ballklubb og har skrive kontrakt fram til 2021.
2019-08-22 14:23:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flenjatunnelen opna attNRK Sogn og Fjordane
Flenjatunnelen på E16 gjennom Aurland er opna att. Tunnelen var ei kort tid stengd på grunn av ein mørkledd mann som gjekk i retning Gudvangen.
2019-08-22 12:28:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Her får dei solcellepanelNRK Sogn og Fjordane
Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland får fylkes første fylkeskommunale solcelleanlegg. Dei totalt 350 meterane med panel skal produsere straum til fjøsen, ysteriet og gartneriet. Solcellepanletet er venta å produsere kring 34.000 kWh.
2019-08-22 11:15:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjesamband som normaltNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg på fylkesveg 57, går no som normalt. Sambandet har hatt tekniske problem i morgontimane og vart ein periode trafikkert av skyssbåt.
2019-08-22 08:07:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klare for semifinalenNRK Sogn og Fjordane
Fire spelarar frå fylket blir å sjå i semifinalane av fotball-NM for kvinner. Mellom andre Elise Thorsnes frå Leikanger, som scora eitt mål då Lillestrøm slo Kolbotn i går. Elise Isolde Stenevik frå Florø scora den avgjerande scoringa då Arna Bjørnar slo Røa 1-0.
2019-08-22 07:18:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Her går kranene i bakkenNRK Sogn og Fjordane
I snart 50 år har kranene vore eit symbol på industrien i Førde. No er dei historie.
2019-08-21 20:37:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje fengsleNRK Sogn og Fjordane
Bergen tingrett avviste onsdag kveld politiet sitt krav om fengsling av mannen i 40-åra som er sikta for menneskehandel i Fresvik i Sogn. Påtalemakta anka avgjerda på staden og den polske statsborgaren blir sitjande i varetekt til anken er handsama.
2019-08-21 20:32:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ulukke i FjærlandNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke i Fjærland. Ein bil har havna på taket. Føraren, som var aleine i bilen, skal vere medviten. Firda melder at politiet beslagla førarkortet til den mannlege bilføraren.
2019-08-21 16:43:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannøving i NaustdalNRK Sogn og Fjordane
Onsdag klokka 18 vert det brannøving i Naustdal. Dei som bur i nærleiken av byggefeltet i Nedre Ospeteigen kan vente seg å sjå ein del røyk og brannbilar i samband med øvinga.
2019-08-21 13:47:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fire nye veker i varetektNRK Sogn og Fjordane
Mannen i 20-åra som er sikta for drapet på ein 40 år gammal mann i Florø, er varetektsfengsla i fire nye veker. Det har tingretten i Bergen bestemt. Ein annan mann som og vart fengsla rett etter drapet vart seinare sett fri, men er framleis sikta.
2019-08-21 11:33:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nedgang for Fjord1NRK Sogn og Fjordane
Reiarlaget Fjord1 hadde i første halvår i år eit resultat før skatt på 118 millionar kroner. Det opplyser selskapet i ei pressemelding. Omsetnaden i første halvår fall med 12 prosent samanlikna med første halvår i fjor.
2019-08-21 10:29:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fengslingsmøte etter menneskehandelNRK Sogn og Fjordane
Mannen som er sikta for menneskehandel i Vik i Sogn blir framstilt for varetektsfengsling klokka 12.45 onsdag. Det stadfestar mannen sin advokat til NRK. Advokaten kan ikkje seie korleis mannen stiller seg til siktinga før etter dagens avhøyr.
2019-08-21 09:39:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tatt ut til G-16 troppenNRK Sogn og Fjordane
Sogndal-spelar Håvard Hetle er teken ut på G16-landslaget som skal til Syrenka Cup i Polen i september. 6. september møter det norske laget Sveits.
2019-08-21 08:03:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mange vil flyge høgtNRK Sogn og Fjordane
I sommar har over 5.000 personar teke turen med ziplina frå Vatnahalsen til Kårdal i Flåm. Den 1,4 kilometer lenge løypestrengen er Nordens lengste zipline og har ein toppfart på kring 100 km/t, skriv Sogn Avis. Det er investert ti millionar kroner i turistattraksjonen som opna i fjor sommar.
2019-08-21 07:58:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tiltalt for valdtektNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 40-åra som er busett i Sogn er tiltalt for å ha valdteke ei kvinne i Sogn og Fjordane. Hendinga fann stad i januar, skriv nettavisa porten.no. Ifølgje tiltalen skal han slege kvinna i ansiktet og halde ho fast i håret.
2019-08-21 06:56:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil avlive hundNRK Sogn og Fjordane
Politiet vil avlive hunden som beit ein fireåring på ein gard i Gloppen i juli, skriv Bergens Tidende. Eigaren av hunden har motsett seg dette, melder avisa.
2019-08-20 21:38:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha gratis frukostNRK Sogn og Fjordane
Fylkesordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Anne Gine Hestetun, vil innføre gratis frukost for alle elevar på dei vidaregåande skulane. I dag er det ingen skular i Sogn og Fjordane som tilbyr dette.
2019-08-20 20:49:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meld til politietNRK Sogn og Fjordane
Føraren av ein buss er meld til politiet fordi han ikkje stansa under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. I alt 160 tunge køyretøy måtte svinge innom Statens vegvesen sin kontrollstasjon.
2019-08-20 20:08:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-08-20 18:40:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil med ammunisjon i brannNRK Sogn og Fjordane
Ein bil tok i ettermiddag fyr ved ei skytebane i Stigedalen i Nordfjord. Folk på staden fekk ut ammunisjon som låg i bilen og brannen er no sløkt.
2019-08-20 16:15:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kraftig auke i omsetnadenNRK Sogn og Fjordane
Bedrifta Selstad i Måløy auka omsetnaden med kring 100 millionar kroner frå 2017 til 2018, skriv Fjordenes Tidende. I fjor gjekk bedrifta, som produserer reiskap til fiskerinæringa og utstyr til oppdrettsnæringa, med eit overskot på 20 millionar kroner før skatt.
2019-08-20 13:50:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hennøy vindpark i drift i desemberNRK Sogn og Fjordane
Hennøy vindpark utanfor Svelgen skal vere i full drift i desember, skriv Fjordenes Tidende. Vindparken på Marafjellet består av 12 vindmøller og vil generere inntekter på mellom fire og fem millionar kroner årleg til kommunen og grunneigarar.
2019-08-20 12:01:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flyr rett over vindmølleneNRK Sogn og Fjordane
Ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking syner at fugletrekka langs norskekysten går rett over den planlagde vindmølleparken på Bremangerlandet. No krev aksjonsgruppa mot utbygging at konsesjonen vert trekt tilbake. Aksjonsleiar Jørund Nygård fryktar det vil få store konsekvensar når millionvis av fuglar skal passere området.
2019-08-20 10:46:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Størst vekst i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Førde hadde størst vekst i folketalet i første halvår. Kommunen fekk 69 nye innbyggjarar og har no eit samla folketal på 13.161 personar. Også Eid kommune opplevde ein sterkt vekst i folketalet med heile 37 nye innbyggjarar. Kommunen har no 6188 innbyggjarar. Storparten av kommunane i fylket har nedgang i folketalet. Størst var den i Vågsøy med 34 færre innbyggjarar.
2019-08-20 10:24:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert nettleige frå septemberNRK Sogn og Fjordane
Straumkundane til Sunnfjord Energi får redusert nettleige frå 1. september. Årsaka er fusjonen med kraftselskapet BKK i Bergen, skriv dei i ei pressemelding. For ein vanleg husstand med normalt forbruk vil den årlege nettleiga verte redusert med om lag 4.500 kroner pr. år. Samla vil reduksjonen gi ei årleg innsparing for straumkundane på kring 30 prosent.
2019-08-20 10:19:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Veg mellom Hyen og Sandane gjenopnaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 615 ved Holme mellom Hyen og Sandane er no gjenopna. Vegvesenet melder om redusert framkjømd grunna oppryddingsarbeid.
2019-08-20 09:12:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stor skilnad på tunnelprisNRK Sogn og Fjordane
Sju firma har levert inn tilbod på å byggje ny tunnel forbi Jåteli på fylkesveg 53 i Årdal, skriv Sogn Avis. Tilboda på bygginga av den 1,1 kilometer lange tunnelen varierer frå 188 til 310 millionar kronar. Tunnelen skal etter planen stå ferdig i november 2021.
2019-08-20 08:22:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt mellom Hyen og SandaneNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 615 ved Holme mellom Hyen og Sandane er stengt på grunn av flaum, opplyser Statens vegvesen. Det skal vere snakk om ei stikkrenne som har gått tett slik at vatn fløymer over vegen og tek med seg litt steinar. Entreprenøren er no på staden for å rydde vegen. Det er uvisst når den opnar igjen.
2019-08-20 06:42:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dårleg luft i 15 dagarNRK Sogn og Fjordane
Sidan målingane starta 3. juli i år er det registrert 15 dagar med nedsett luftkvalitet i Flåm, skriv Sogn Avis. Det er hamnevesenet og kommunen i Aurland som står bak det treårige prosjektet med å måle luftkvaliteten. Målet er å finne ut kor mykje utsleppa frå cruiseskipa påverkar luftkvaliteten i bygda.
2019-08-20 05:52:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Etterforskar traktorbrannNRK Sogn og Fjordane
Politiet vil etterforske ein brann i ein traktor i Skjerdalsvegen i Aurland seint måndag kveld. Traktoren som tok fyr stod ved sida av eit fjøs, men det var ikkje folk i traktoren eller dyr i fjøset, opplyser politivakta.
2019-08-20 05:27:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny visepolitimeisterNRK Sogn og Fjordane
Olav Valland blir ny visepolitimeister for Vest politidistrikt. Det melder Bergens Tidende måndag kveld. Mangeårig tillitsvald i politiet, Kjetil Rekdal, blir ny sjef for operasjonssentralen hos politiet i Vest.
2019-08-19 21:42:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
2019-08-19 20:40:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-08-19 18:45:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde med promille på skulevegNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 50-åra blei i morgontimane måndag stoppa i Svelgen i Bremanger, mistenkt for promillekøyring. Kontrollen skjedde i samband med «Aksjon skuleveg» og politiet reagerer sterkt på hendinga.
2019-08-19 15:34:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Duka for vestlandsthriller i cupenNRK Sogn og Fjordane
Det blir eit skikkeleg vestlandsderby i kvartfinalen av fotball-NM for juniorar når Sogndal møter Brann på Fosshaugane. Kampen er datofesta til 19. september. Sogndal vann cupen i fjor, etter å ha slått Rosenborg 3-1 i Telenor Arena.
2019-08-19 14:48:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forstår flyrutekuttNRK Sogn og Fjordane
Ordførar i Flora, Ola Teigen, forstår godt at Widerøe trugar med å kutte flyrutene til og frå Florø om Regjeringa aukar momsen. Finansdepartementet har føreslege å auke momsen på persontransport frå 23 til 25 prosent. Teigen ber Regjeringa slutte å auke avgiftene.
2019-08-19 13:44:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ettertrakta av storklubbar NRK Sogn og Fjordane
Sivert Mannsverk (17) har vekt stor oppsikt etter at han tidlegare i sommar vart teken ut på G18-landslaget, skriv Sogn Avis. Årdølen, som har starta åtte kampar for Sogndal denne sesongen, skal etter sigande vere på blokka til aktørar frå både inn- og utland.
2019-08-19 13:22:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for jord- og flaumskred NRK Sogn og Fjordane
Varsom.no melder om fare for jord- og flaumskred, gult nivå for Vestlandet. Det er venta opp mot 80 mm nedbør enkelte stadar, det kommande døgnet.
2019-08-19 12:47:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høyanger-selskap seld til utlandet NRK Sogn og Fjordane
Høyanger-selskapet Compilo er seld til det amerikanske selskapet Confirma. Compilo, som har spesialisert seg på å utvikle og selje kvalitetssikringssystem til kommunar og fylkeskommunar, har i dag over 200 norske kommunar på kundelista. Dagleg leiar, John Tonheim, seier at grunnen til at dei sel er at dei treng meir ressursar og kunnskap til å satse i Norden.
2019-08-19 11:00:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil at valstyret samlar segNRK Sogn og Fjordane
Raudt i Kinn krev at valstyret samlar seg snarast for å ta opp at saka om teljemåten av røystene. Raudt og Sp krev krinsvis oppteljing for å fange opp røystene etter gamle kommunegrenser. Kommunaldepartementet set ikkje nokon tidsfrist for endring av teljemåte. Fyrstekandidat Geir Oldeide har tidlegare kravd kommunal valdagsmåling men håpar det no ikkje vert naudsynt.
2019-08-19 10:01:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil i brann NRK Sogn og Fjordane
Naudetatane rykte i går kveld ut etter meldingar om ein bil som stod i full fyr ved eit jorde i nærleiken av Øvre Steindalen i Flora Kommune, skriv Firda. Brannen vart raskt sløkt, og det var ingen fare for spreiing. Sak er oppretta.
2019-08-19 08:51:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krev gratis skulemat NRK Sogn og Fjordane
I Sogndal ynskjer SV å innføre ei prøveordning med gratis skulemat. SV sin ordførarkandidat ved fylkestingsvalet, Marthe Hammer, kjem måndag til Sogndal vidaregåande skule for å markere si støtte. ? Me gler oss til å høyre kva rektor og elevrådsrepresentant meiner om saka, seier ho.
2019-08-19 07:44:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må kutte fleire stillingarNRK Sogn og Fjordane
Sogndal Fotball må kutte endå fleire stillingar, skriv Firda. Til no har klubben kutta seks stillingar, men no varslar dagleg leiar Rasmus Mo at det vert fleire kutt, denne gongen i sportsavdelinga. I mai vart det kjent at klubben må kutte opp mot 12 millionar kroner for å få kontroll på økonomien.
2019-08-19 06:53:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krev fast ambulanseNRK Sogn og Fjordane
Ordførar Noralv Distad i Aurland krev at dei får igjen ein fast stasjonert ambulanse i kommunen, skriv Sogn Avis. Berre i sommar har det vore to tilfelle der turistar har blitt sjuke og skada seg. Den eine gongen tok det kring 40 minuttar før ambulansen på var på plass, medan det siste gongen tok kring kring ein halvtime. Distad minner at det om sommaren til ei kvar tid er kring 6000 menneske som oppheld seg i kommunen.
2019-08-19 05:57:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skadar på vegane kosta dyrtNRK Sogn og Fjordane
Det vil koste mellom 80 og 90 millionar kroner å reparere skadane på E39 og fylkesvegane etter uveret i Førde, Jølster og Gloppen 30. juli, skriv Firda. Berre på E39 mellom Førde og Skei reknar Statens vegvesen med åleine vil koste mellom 30 og 40 millionar kroner å reparere vegen. Staten betalar denne rekninga, men for fylkesvegane sin del er det fylkeskommunen som må ta kostnaden.
2019-08-19 05:43:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Protesterer mot sentraliseringNRK Sogn og Fjordane
Raudt i Sogn og Fjordane protesterer mot ei eventuell sentralisering av NRK. Distriktsdirektør Marius Lillelien har sagt at NRK skal vurdere å slå saman distriktskontor i samband med at det vert færre fylke frå årsskiftet. Fylkesnestleiar og fylkestingskandidat, Anders Hamre Sveen, i Raudt fryktar ei samanslåing vil føre til dårlegare dekning av Sogn og Fjordane.
2019-08-18 22:00:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Målpris til EngelbrektsonNRK Sogn og Fjordane
Musikaren, songaren, spelemannen og tekstforfattaren Steinar Engelbrektson frå Sandane har fått årets målpris i Gloppen Mållag. Glopparen er frontfiguren i eit av landets meir kjende danseband, Steinar Engelbrektson Band. Engelbrektson får målprisen fordi han brukar nynorsk og dialekt i songane.
2019-08-18 16:13:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har mista tilliten til TeslaNRK Sogn og Fjordane
Marius André Langø frå Florø seier han har mista tilliten til Teslas kundeservice. Då Tesla-servicesenteret i Bergen ikkje vart ferdige bilen hans den 9. august, fekk han tilbod om å låne ein kundebil sidan han bur eit stykke unna, skriv nettavisa E24. I ettertid oppdaga han at bilen han fekk både var uforsikra og avregistrert. Tesla Norge seier dette skuldast ein intern feil og at dei skal gå gjennom rutinane sine.
2019-08-18 14:26:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bronse til MelheimNRK Sogn og Fjordane
Steffen Melheim frå Olden tok bronse diskos under Nordisk meisterskap U20 i Kristiansand. 16-åringen fekk opp eit lengstekast på 55. 83, fattige 14 cm bak den personlege rekorden som han sette på Byrkjelo tidlegare denne sesongen, skriv Fjordingen. Gullet gjekk til lagkamerat Fabian Weinberg på heimebane i Kristiansand.
2019-08-18 13:53:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegenNRK Sogn og Fjordane
Like før klokka 0700 i dag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen i Lærdal. Dei tre som var i bilen skal vere uskadde, men prega av hendinga, skriv politiet på Twitter. Alle tre er sende til sjukehus for sjekk. Bergingsbil er rekvirert og trafikken går som normalt på staden.
2019-08-18 08:19:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

4.-plass for HallerudNRK Sogn og Fjordane
Håvard Hallerud frå Førde køyrde i dag inn til ein 4.-plass i Formula Nordic. Konkurransen fann stad på Gelleråsen i Sverige. Lagkameraten Edward Woldseth stakk av med 1.-plassen.
2019-08-17 20:28:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

For harde på gassenNRK Sogn og Fjordane
Seks bilistar fekk i kveld forenkla førlegg for høg fart i 80-sona i Eikefjord i Flora kommune. Ein førar fekk kverrsett førarkortet og vert meld etter at UP målte han til 129 kilomter i timen i 80-sona.
2019-08-17 19:50:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Velta på mopedNRK Sogn og Fjordane
Politiet er på veg til Loftesnesbrua i Sogndal etter melding om at ein moped har velta i rundkøyringa. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade eller trafikale problem, melder politiet.
2019-08-17 17:17:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil betale utbytte til kundaneNRK Sogn og Fjordane
Sparebanken Vest vil betale ut utbytte til kundane sine. Kor stort utbyttet vert, kjem an på kor mykje lån eller innskot du har i banken ? og kor stort banken sitt overskot er. ? Vi er den første banken i Sogn og Fjordane som startar med kundeutbytte, seier Tore Dvergsdal, regiondirektør i Sparebanken Vest til avisa Firda.
2019-08-17 14:00:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rask 75-åring på 1843 m.o.h.NRK Sogn og Fjordane
Det er ikkje berre dei unge som spring fort på Skåla. Vinnar av eldste klasse (Menn 75?79 år) vart 75 år gamle John Svan frå Mjøsdalen IL på den svært så respektable tida 2:03:30. Vinnar av eldste kvinneklasse (Kvinner 65?69 år) var Birgit Korvald frå Oslo med sterke 2:02:06.
2019-08-17 12:54:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Raskaste kvinne på SkålaNRK Sogn og Fjordane
Karoline Holsen Kyte frå Førde vann dameklassen i årets utgåve av Skåla Opp. Førdianaren som spring for Oslo sprang opp på 1:23:29. På andreplass følgde svenske Johanna Åstrøm med tida 1:28:42.
2019-08-17 12:23:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjappast opp på SkålaNRK Sogn og Fjordane
Stian Angemund-Vik frå Bergen vann årets Skåla Opp. Han sprang dei 1800 høgdemeterane på 1.09.57. Her er han fotografert saman Weldu Negash frå Oslo som sprang inn til fjerdeplass med tida 1:12:42. Stian Øvregaard Aarvik kom på andreplass med tida 1:11:32. Raskaste lokale i herreklassen var Johan-Olav Botn frå Stårheim på tida 1:17:56.
2019-08-17 12:17:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil stoppe vindkraftutbyggingNRK Sogn og Fjordane
Varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård (V) ber bystyret bruke eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi (SF) til å stogge selskapet si vidare satsing på vindkraft. ? Som største kommunale eigar i SFE AS er vi bekymra for omdømme til selskapet som deltakar og pådrivar ved gjennomføring av omstridde vindindustriprosjekt, seier han til Firdaposten.
2019-08-17 10:58:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventar storinnrykkNRK Sogn og Fjordane
Klokka halv fire i ettermiddag er det nok ein gong duka for eit spennande vestlandsderby på Fosshaugane. Då tek nemleg Sogndal imot Aalesund. Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, seier han ventar storinnrykk til kampen. ? Vi har selt nesten to tusen billettar, så når kampen vert sparka i gang reknar eg med at vi vil vere mellom 2500 og 3000 personar på stadion, seier han. Det er og venta mellom 100 og 150 supporterar frå Sunnmøre.
2019-08-17 09:35:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil utfor vegen i VåtedalenNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt utfor vegen på E39 ved Langhammaren i Våtedalen, i nærleiken av Klakegg i Jølster. Det er tre utlendingar i bilen. Ingen personar skal vere skadde, men bilen har fått ein del skadar, opplyser politiet. Det er passering for anna trafikk på ulukkesstaden. Naudetatane og bilbergar er på veg, opplyser Vest politidistrikt. Politiet fekk melding om ulukka klokka 07.09.
2019-08-17 07:28:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bilbrann sløktNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet har sløkt brannen i ein bil på Byrkjelo. Ingen personar vart skadde, men det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg til ein bygning i nærleiken, opplyser Alarmsentralen.
2019-08-16 16:24:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tjuveri frå anlegg i BremangerNRK Sogn og Fjordane
Materiale frå ein lagringsplass i Sørdalen ved Bortnetunnelen i Bremanger har forsvunne i løpet av sommarferiens siste halvdel. Det skriv politiet i Sunnfjord på Facebook. Politiet trur det er snakk om verdiar til 50.000 som har forsvunne. Dersom nokon har tips ber politiet om å ringe på telefon 577 96 634.
2019-08-16 14:09:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Start-Siden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.